Gullrush

Gullfunnet i Klondike

Gull! Feberen flaug jorda rundt for 125 år sia. Verdas største gullfunn sendte hundretusenvis av menneske til villmarka i Klondike og Nome. Blant dei var det mange sunndalingar og øksendalingar. Dei sette livet på spel for å skape ei betre framtid for seg og sine.

Kva var drivkrafta? Korleis gjekk det?

Lars Ramsøy-Halle (musikk) og Svein Sæter (tekst) søkte svar i den sterke musikalen «Stjernestøv» (2018). «Gullrush!» rommar dei beste songane frå musikalen, pluss fantastiske historier med lokale poeng frå dei legendariske gullrusha.

Begge opphavsmennene deltar på scena, og dei har med seg eit stjernelag: Sigrid Vetleseter Bøe og Harald Brusethaug syng, Øystein og Ivar Sandbukt spelar.

3.jpg

4.jpg