Klesbyttedag

illustrasjon klesbyttedag, Steinar Husby, Midjourney

Forestillinger

Henter programmet

Klesbyttedag! Støgu, lørdag 27. april kl 1200 -1400.

Klesbytting, leikebytting og fikselaug i 2. etasje på Sunndal kulturhus laurdag 27. april kl. 12.00-14.00

Innlevering av klede og leiker til bytting skjer helst kvelden før kl. 19-21, men kan også leverast på sjølve dagen kl. 11-12.

Kl. 13-14 er det fritt fram for alle å ta dei kleda og leikene ein vil ha, uavhengig av om ein har levert inn noko på førehand. Men godbitane vil ein nok finne med ein gong arrangementet startar. Vi oppfordrar sjølvsagt også til å prøve kleda og tenkje gjennom om ein kjem til å bruke alt ein plukkar med seg.

Regelen for klesbyttinga er inntil sju heile, reine og fine plagg og/eller sko. Undertøy og sokkar tek vi ikkje imot med mindre lappen framleis er på. Du får byttelappar for kvart plagg du leverer inn som du kan bruke til å bytte til deg tilsvarande antal "nye" plagg. I lokalet sorterer vi i kategoriane dame, herre, barn og etter type plagg.

Regelen for leikebyttinga er inntil fire heile, reine og fine leiker. Det inneber leiker, bøker, bamsar, puslespel, brettspel m.m. Leikene skal vere fullt brukbare. For eksempel skal brettspel vere så komplette at dei kan spelast etter reglane. Dersom det er manglar på noko som leverast inn, skal dette opplysast om på ein lapp som festast på, så avgjer vi i døra om det er godkjent, men tenk etter om dette er noko du kunne tenkt deg å motta sjølv. Dersom det er ein sjanse for at delar kan dette av og bli borte skal du knyte eller teipe ting saman, eller putt det i gjennomsiktige poser.

Sunndal husflidslag rettleier deg gjerne om du ønskjer å reparere eller sy om noko. Dette gjeld både klede du byter til deg og andre klede du måtte ha liggande heime. Ta med favorittlabbane som må stoppast på hælen, buksa med hol i kneet eller kjolen som er for vid eller sid. Vi vil lære deg korleis du sjølv kan fikse plagga slik at dei kan få eit lengre liv. Vi stiller med symaskin og anna nødvendig utstyr.

Kvifor byttedag? Åtte av ti nordmenn meiner dei har for mykje klede og sko som dei ikkje brukar. Samtidig er mange av oss ikkje klar over hvor mye kleda våre kostar miljøet og klimaet. Både produksjon og transport er forureinande og krev mykje ressursar. Klesproduksjon står for 8 prosent av verdas klimagassutslepp, og moteindustrien produserer 20 prosent av verdas avfallsvatn, ifølge FN-rapportar. Ein kraftig reduksjon i forbruket må til, og vi må bli flinkare til å bruke og ta vare på dei kleda og tinga vi allereie har.

Etter mange år med klesbyttedagar, kilovis av bytta klede og auka merksemd rundt problematikken, ser vi at klesbytting har ei reell betydning. I fjor blei det arrangert 274 klesbyttedagar over heile landet. Her fekk rundt 67 900 plagg ny eigar.

Arrangørar: Anne Berit Jordal, Tuva Vaage Brådalen og Sunndal husflidslag